Tilbake til oversikten

06.05.2019

Det finnes en stor åpen plass i Bordeaux

Biletkunstnaren Ruth kjem til Bordeaux for å setje opp ei kunstutstilling. Medan ho ventar på at kjærasten Johannes skal kome etter, blir ho kjend med kuratoren Abel samt dottera hennar Lily og kjærasten Ralf. Ruth funderer på kvifor ho lengtar slik etter ein mann som verken er i stand til emosjonell intimitet eller ser ut til å begjære henne seksuelt. Gjennom vekslingar mellom ulike synsvinklar, mellom fantasi, tankar og røynd, blir det skapt ei draumliknande og uverkeleg kjensle som igjen er knytt til det å bli utsletta som individ. Romanen er ein imponerande litterær kollasj full av presise observasjonar og treffande litterære bilete som skaper store rom for vidare refleksjon.
Hanne Ørstavik debuterte i 1994, og har sidan gjennombrotet med romanen "Kjærlighet" i 1997, vore ein av våre mest prisløna og omdiskuterte forfattar.
Omtale skrive av Merete Røsvik

 Det finnes en stor åpen plass.jpg


Tilbake til oversikten