Tilbake til oversikten

17.06.2019

Trilogien: Andvake, Olavs draumar, Kvelsvævd

«Trilogien» består av romanane «Andvake» (2007), «Olavs draumar» (2012) og «Kveldsvævd» (2014), og kom i samla utgåve i 2015. Dette er romanverket Jon Fosse vann Nordisk Råds litteraturpris for, og boka demonstrerer korleis det fløymande, musikalske språket hans kan mane fram inderlege kjensler og dei heilt store perspektiva gjennom det tilsynelatande banale. Handlinga gir sterke assosiasjonar til den folkelege balladetradisjonen: Det unge paret Asle og Alida rømer til Bergen, kor nauda deira for husvære når ho skal føde deira første barn, leier dei ut i tragedien. Trilogien kan lesast som ein fantasi om opphavet til kunstnaren sjølv, ei slektshistorie kor kunsten og kjærleiken representerer både overskridande kraft og dødeleg risiko: Den kunstnarlege evna spring ut av ei bestemt slekts- og kulturhistorie, samtidig som den knyt skjebner saman over grensa mellom liv og død.
Som ein av dei fremste dramatikarane i vår tid er Fosse (f.1959) også rekna som kandidat til Nobelprisen i litteratur. Han debuterte i 1993 som dramatikar, men har også utgjeve ei rekkje romanar og diktsamlingar.

Omtale skrive av Merete Røsvik

 Trilogien.jpg


Tilbake til oversikten